Søk design i Noreg

Vi tilrår at du les alle 11 punkta før du trykkjer «Start designsøknaden».

1. Kva er eit design?

Designregistrering gir vern for utsjånaden og forma til eit produkt (ikkje konsept eller teknisk funksjon). Søkjer du om registrering av design hos Patentstyret, kan du få ein einerett til å utnytje designet kommersielt i Noreg.

Alle slags fysiske gjenstandar, skjermbilete, ikon, grafiske symbol, typografi og ornamentering kan registrerast som design. Du kan også registrere eit interiør eller delar av ein gjenstand.

Ønskjer du å registrere ein animasjon, må du bruke søknadsskjema i Altinn. Ein animasjon eller eit rørleg design kan, for eksempel, vere eit animert ikon for ein dataskjerm som viser den same rørsla kvar gong ein trykkjer på det.

Paxster: Designreg.: DM/080789. Foto: Loyds Industri AS
Defa: Designreg.: 082698. Foto: Defa
Vestre: Designreg.: 083858. Foto: Einar Aslaksen/Vestre AS

Har du lese alle 11 punkta øvst på sida?