Vedtak om munnlege forhandlingar

1 Før forhandlinga

1-1. Kven kan krevje forhandlingar?

Dei som er partar i saka, se patentstyrelova § 7 andre punktum. Det vil seie søkjarar og innehavarar av internasjonale registreringar. Fullmektigar som har levert inn forskriftsmessig fullmakt kan krevje munnlege forhandlingar på vegner av klienten.

Patentstyret kan også på eiga initiativ kalle inn partane til eit møte eller munnlege forhandlingar, dersom dette blir sett som formålstenleg, sjå patentstyrelova § 7 første punktum.

1-2. Kva kan det krevjast forhandling om?

Eit møte eller ei forhandling skal avhaldast dersom Patentstyret finn det formålstjenleg, eller dersom ein part i saka krev eit slik møte eller forhandling, og har sakleg grunn for sitt krav, jf. patentstyrelova § 7.

Eit møte eller ei munnleg forhandling kan skje på alle trinn i saksbehandlinga, men temaet for møtet/forhandlinga må vere knytta til ein konkret varemerkesøknad eller registrering og bidra til saka si opplysing. Generelle spørsmål om saksbehandlinga eller praksis i Patentstyret er ikkje gjenstand for forhandling.

Spørsmål det kan forhandlast om før registrering / beslutta gjeldande:

  • Klassifikasjon i ein konkret søknad
  • Madrid-UT spørsmål
      -  Spørsmål knytta til internasjonal søknad og til den norske basissøknaden/-registreringa
  • Spørsmål knytta til den materielle saksbehandlinga i ei varemerkesak.
    Særleg:
      -  Vurderinga av absolutte og relative registreringshindringar
      -  Moglege avgrensningar/presiseringar i vareforteikninga for å kome unna registreringshindringar, slik som manglande distinktivitet (§14) eller forvekselbarheit (§16 a)
      -  Dokumentasjon for innarbeiding
      -  Spesielle tilfelle knytt til internasjonale registreringar
  • Spørsmål knytt til formalia:
      -  Kva for avbildningar som krevjast for å få registrert eit tredimensjonalt varemerke
      -  Er fristar overhaldne?
      -  Er vilkåra for gjenopptaking oppfylte?
      -  Er vilkåra for oppreising oppfylte?
      -  Merkeendringar - kva som kan godtakast.
      -  Formalia rundt internasjonale registreringar.

Følgjande spørsmål fell utanfor systemet (lista er ikkje uttømmande):

  • Spørsmål knytt til forundersøkingar.
  • Spørsmål rundt registreringar som ikkje er i live.
  • Spørsmål om varemerke som ikkje er søkt registrert.
  • Avgjerder av motsegnsaker.
  • Saker i Klagenemnda for industrielle rettar (må bringast inn for Klagenemnda sjølv, og ikkje Patentstyret).

1-3 Korleis skal munnlege forhandlingar avtalast?

Søkjaren eller innehavaren av ei internasjonal registrering kan be om munnleg forhandling i ei varemerkesak. Kravet sendast inn og førast som dokument i saka. Kravet skal sendast inn skriftleg.

Eit slikt krav er fristavbrytande dersom alle merknader frå Patentstyret er besvart i kravet eller er gjenstand for forhandling. Ellers gjeld dei vanlege reglane for behandling av fristar.

Patentstyret har ein frist på tre veker til å godta kravet om munnleg forhandling, og avtale tid.

Forhandlingskonsulenten avgjer for Patentstyret om forhandling skal avholdast.

  • Avslag på kravet om munnlege forhandlingar skal vere skriftleg.
  • Avslag på kravet om munnleg forhandling skal begrunnast og byggast på vilkåra i patentstyrelova § 7.
  • Avslag på slikt krav er ikkje gjenstand for klage til Klagenemnda for industrielle rettar, sjå varemerkelova § 49.
  • Ein ny frist for å besvare Patentstyrets forrige brev startar når eit avslag på munnleg forhandling sendast ut.

Avslagsgrunnar:

  • Forhandlinga gjeld ikkje spørsmål/saker som fell inn under systemet, sjå patentstyrelova § 7 og punkt 1-2 ovanfor.
  • Spørsmålet har tidlegare vore gjenstand for forhandling (teamet ansett som tilstrekkeleg opplyst).
  • Det kan ikkje forhandlast om spørsmål som tidlegare er avgjort av ein domstol eller av Klagenemnda for industrielle rettar i same sak.

1-4 Førebuingar

Partane i saka skal stille førebudd til munnleg forhandling. Det inneber blant anna at:

  • Tema for forhandlingar skal vere kjend for alle partar.
  • Bakgrunnen for at det krevjast munnleg forhandling skal vere kjend.
  • Nødvendige dokument skal vere sendt til partane før forhandlinga startar.
  • Informasjonen er lest av partane.

1-5 Forhandlingssted

Forhandlinga finn stad i Patentstyret sine lokaler dersom ikkje anna er avtalt.

1-6 Utsetjing

Avtalt munnleg forhandling kan krevjast utsett av begge partane dersom det foreligg sakleg grunn til det. (Same grunnar som vanleg fristutsetjing.)

2 Under forhandlinga

2-1 Kven kan møte til munnleg forhandling?

Frå Patentstyret møter normalt to forhandlingskonsulentar. Dersom det er nødvendig for å få saka tilstrekkeleg opplyst, kan ansvarlig saksbehandlar møte. Er det snakk om forhandling om klassifikasjon, kan utførande saksbehandlar i saka eller ein forhandlingskonsulent med ekspertise på klassifisering møte.

Dersom saka sin karakter tilseier det, eller dersom utfallet av saka har prinsipielle konsekvensar, kan ein seksjonssjef/seniorrådgivar/rådgivar i Design- og varemerkeavdelinga møte.

Frå søkaren/innehavaren si side møter maksimalt 3 personar. Ved behov kan søkaren/innehavaren stille med fleire, men dette må godkjennast av Patentstyret.

2-2 Språk

Munnleg forhandling gjennomførast på norsk.

Referatet skrivast på norsk.

Elles gjeld varemerkeforskrifta § 6 så langt den passar.

2-3 Møteleiing

Forhandlingskonsulenten leiar forhandlinga.

Dette inneber:

  • At han/ho er ordstyrar
  • At han/ho kan avbryte forhandlinga (sjå vilkår under)
  • At han/ho kan ta avgjerder i saka som binder Patentstyret.

2-4 Saksgangen i forhandlinga

Forhandlinga startar med at namn på dei oppmøtte noterast, og forhandlingskonsulenten vil gi eit kort samandrag av saka og temaet/problemstillinga(ene) for forhandlinga.

Viss det er søkaren/innehavaren som har kravt den munnlege forhandlinga, er det han/ho som i utgangspunktet styrar framdrifta i forhandlinga og disponerer tida avsett til forhandlinga. Søkaren/innehavaren må da sjølv prioritere den tida som er sett av, slik at vedkomande får presentert si side av saka på ein tilfredsstillande måte.

Saka skal vere tilstrekkeleg opplyst for at ei avgjerd skal kunne fattast.

2-5 Avslutning av munnleg forhandling

Forhandlingane avsluttast når:

  • Partane er einige om det.
  • Forhandlinga har gått ut over maksimal/avtalt tid. Normalt bør ei munnleg forhandling ikkje gå ut over ei time.
  • Forhandlingskonsulenten meier det for klart at forhandlinga ikkje vil føre fram.
  • Forhandlingskonsulenten meiner at saka er tilstrekkeleg opplyst, slik at ei avgjerd kan treffast.
  • Partane har kome fram til eit resultat som dei kan einast om.
  • Det under forhandlinga har kome nye opplysningar eller merknader som gjer at forhandlinga må utsettast eller avbrytast. Dette er særleg aktuelt dersom dei nye opplysningane fører til at saka ikkje blir rekna som tilstrekkeleg opplyst.

2-6 Referat

Forhandlingskonsulenten skriv eit referat frå forhandlinga. Referatet skal innehalde:

  • Eit samandrag av hovudpunkta frå forhandlingane.
  • Patentstyret si grunngjeving.
  • Konklusjon, det vil seie:
      -  Kva som blei avgjort.
      -  Kva som skal skje vidare i saka - om ein av partane har plikt til å gjere noko, og eventuelt  kva frist som skal gjelde.

Dersom ein kjem fram til ei avgjerd i møtet, kan referat skrivast der og da. Ellers sendast referat seinare, og det blir gitt frist for å utføre det som blei avgjort.

3 Etter forhandlinga

3-1 Referat

Etter at munnleg forhandling er gjennomført, skal det sendast ut referat til partane.

Referatet sendast ut seinast to veker etter at forhandlinga er gjennomført.

Etter avtale med søkaren/innehavaren vil referatet også innehalde enten eit vanleg realitetsskriv kor Patentstyret tar stilling til problemstillinga(ene) i den munnlege forhandlinga, eller ei formell avgjerd.

  • Ved eit realitetsskriv utførast det som blei avtalt, og saka er deretter tilbake i dei vanlege saksbehandlingsreglane. Til dømes:
      -  Merket blir registreret - dei vanlege motsegnsreglane gjeld.
      -  Merket blir nekta - søkar ber om ei fornya vurdering eller ei formell avgjerd.
  • Der avgjerd blir truffe etter forhandlinga, vil søkaren/innehavaren motta referatet og avgjerda med vanleg ankefrist til Klagenemnda for industrielle rettar.

3-2 Fristar

Søkaren/innehavaren har ein frist på to veker til å akseptere beslutninga som kjem fram i referatet og realitetsskrivet. Ved avgjerd gjeld som nemnt vanleg ankefrist til Klagenemnda.

Grafisk framstilling

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: